Fotballglede for alle
Eid IL Fotball er ein del av Eid Idrettslag ved lokasjon på Nordfjordeid
_
_
TINE Fotballskule
Eid IL Fotball har arrangert TINE Fotballskule for barn i alderen 7 – 12 år i mange år. Det er ein av våre mest populære aktivitetar med over 100 deltakarar kvart år.
Eid IL Fotball arrangerer TINE Fotballskule fast kvart år mandag – onsdag den siste veka i sommarferien.
Alle som deltar på TINE Fotballskule får utdelt deltakarpremie levert av TINE.
TINE Fotballskule 2025 blir arrangert 11. – 13. august.
Påmelding via Spond: https://club.spond.com/landing/courses/eidilfotball/3935F1C615FF4F50ACF62547BCB910BB



EXTRA Eid Cup
EXTRA Eid Cup er ei årleg turnering som Eid IL Fotball har arrangert kvart år sidan 2013, med unntak av 2020 og 2021 pga covid-19 restriksjonar.
Turneringa blir arrangert i april og markerer for mange lag i barnefotballen starten på sesongen.
I 2024 var heile 129 lag frå 19 klubbar frå Nordfjord, Sogn, Sunnfjord og Sunnmøre påmeldt til EXTRA Eid Cup.
EXTRA Eid Cup blir arrangert laurdag 26. april 2025.


Ingen kamp utan dommar!
Ta kontakt med dommaransvarlig Rolf Lefdal.


Ekstratiltak

Akademi
Akademi er eit ekstratiltak for born i alderen 9 -12 år.
Øktene føregår på onsdagar frå kl 12:00 til kl 13:30 på Eid Idrettspark.

SunnmørsAkademi
SunnmørsAkademi-økter blir arrangert på ulike dagar og datoar gjennom sesongen.
Alle spelarar fødde 2013 – 2015 kan delta på desse øktene i 2025.
Det gjeld også spelarar frå andre klubbar enn Eid IL Fotball.

Ungdomsøkt
Ungdomsøkt er eit ekstratilbod for ungdommar i alderen 13 – 16 år.
Anlegg

Eid Idrettspark
- Underlag: Kunstgras med gummispon
- Banetype: 11er
- Belysning: 200 lux
- Lengde: 106 meter
- Bredde: 68 meter

Eid Stadion
- Underlag: Naturgras
- Banetype: 11er
- Belysning: Nei
- Lengde:
- Bredde:

Valhall Kunstgras
- Underlag: Kunstgras med gummispon
- Banetype: 7er
- Belysning: 200 lux
- Lengde:
- Bredde:
Eid IL Fotball si historie

Eid Fotball 1962-1977
“Eit generasjonskifte fann stad på 70-talet, der den gamle stammen med spelarar som Svein Ness og Rasmus Myklebust var med, samtidig som unge spelarar som Arve “Donald” Torheim og Rolf “Doffen” Salveson kom til. Etter opprykket i 1975 kom fleire frå eit sterkt juniorlag, som Magnar Heggen og Rune Holmgren, til 3. divisjon. Lokalpatriotisme og rivalisering hindra at spelarar frå naboklubbar skifta til Eid, noko som kunne ha ført til tidlegare opprykk.”

Historia til Eid IL Fotball

Antall kamper Eid IL Fotball 1991 -2024
Dette er ei oversikt over seriekampar frå og med sesongen 1991 og cupkampar frå og med 2001.
Oversikt over kampar før 1991-sesongen kjem på eit seinare tidspunkt.
Eid IL Fotball vil rette ein stor takk til Henning Haugen som fører statistikken.
Oversikta blir oppdatert etter kvar sesong.
Generalsponsor

Sparebanken vest
Sponsor

Coop EXTRA

Normatic

Eid Elektro

Toyota

Sport 1
