Hjarteleg velkomne til EidCup
Er du klar for å starte sesongen med eit smell? Då må du vere med på Nordfjord sin besten opningscup – arrangert av Eid IL Handball! Vi inviterer lag frå aldersgruppene 9-16 år, både gutar og jenter, til ei fantastisk turnering på Nordfjordeid. Dette er den perfekte sjansen til å ta sesongavkast, oppleve høgt spenningsnivå og ha de kjempemoro både på og utafor bana! Bli med på eit uforgløymeleg handballarrangement, fylt med entusiasme og mykje moro. Meld på laget ditt i dag!

EidCup 2024
Handballgruppa i Eid IL arrangerer for første gong handballcup for aldersgruppa 9-16 år for både gutar og jenter.
Vi kan tilby eit særs kompakt turneringsområde, der kampane vil gå av stabelen i to ulike hallar. Den eine er klisterfri og vil bli nytta til gruppene som ikkje nyttar klister, medan den andre hallen husar kampane til dei eldste.
I mellom hallane ligg skulane der tilreisande lag får tilbod om overnatting, det er og høve til å ordne seg anna overnatting om laga ynskjer dette. Ta kontakt om de ynskjer informasjon om andre tilgjengelege overnattingsplassar her på Nordfjordeid.
Det vil vere matservering i Operahuset Nordfjord, vårt kulturhus. Her vil det bli servert frukost laurdag og søndag 07.00-10.00, og middag laurdag 15.00 – 17.00. Operahuset ligg 5 minutt gange frå Eid idrettshus, 10 minutt gange frå skulane og Eidahallen.
Vi har og turneringssamarbeid med ein lokal aktør som leverar pizza på skulane om de ynskjer bestille take-away på kvelden. Det er og fleire andre aktørar i Nordfjordeid sentrum som kan bidra med mat til ein kvar smak😊
Dersom veret tillet dette vil det og vere tilbod om grillmat ved Eid idrettshus laurdag frå kl 15.00.
Det vil vere ordinært kiosk-sal i begge hallane medan kampane går, og enkel kiosk på begge skulane for dei som ynskjer litt ekstra på kvelden 😉
Vi ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne til ei super cup-oppleving på Nordfjordeid 6.-8.2024


Vi vil tilby ei kvalitetsturnering med to dommarar på alle kampar, eit minimum på 4 kampar pr lag og trygge rammer for born, ungdom og vaksne heile helga på Nordfjordeid. Alle vakter har fått opplæring, og skal vere godt kjent med tenkjelege og utenkjelege utfordringar som må løysast for tilreisande gjester sitt beste. Vi vil vere tilgjengelege heile døgnet og skal bidra alt vi kan for trivnad og handballglede hand i hand.
Turneringa vert avvikla i henhold til NHF sitt turneringsreglement.
Av sosiale tiltak utanom kampane har vi ein del tilbod på lur. I Eid idrettshus vert det tilbod om symjing i symjehall, med kvalifiserte symjevakter. Det vil vere turneringstilbod på Eid kino, som ligg i Operahuset Nordfjord. I Eidahallen vil det vere diskotek for dei yngste, og andre morosame aktivitetar laurdag kveld. Dei eldre borna og ungdomane kan nyte godt av Eid Idrettslag sitt samarbeid med Malakoff (Ein stor musikkfestival på Nordfjordeid), som stiller sine lokale tilgjengeleg for ei uforgløymeleg cup-oppleving på laurdagskvelden i samarbeid med ungdomsgruppa i Malakoff-styret. Det vil og vere aktivitetar på skulane der laga bur, som skal syte føre kjekke opplevingar for alle.
Sentrum av Nordfjordeid har utvikla seg til å bli eit handelssentrum i Nordfjord, og mange butikkar kan besøkjast kun 10-15 min gange frå turneringsområdet. Vi har og flotte parkanlegg med badestrand like ved om det vert ei verkeleg flott seinsumars helg. Er de interesserte i historia til Vikingane kan vi tilby flotte Sagastad, som er eit flott museum knytt til denne spennande epoken i Norsk historie. På Nordfjordeid er det ei eiga Sagaløype de kan spasere med mykje lærdom og flotte opplevingar om veret er på vår side.
I sentrum ligg og eit treningssenter som kan tilby buldring og leik for alle aldersgrupper.
Vi håpar mange lag har lyst kome til oss og bli med å byggje den kjekkaste og beste oppstartsturneringa på Nord-Vestlandet 😊 Vi er ekte handballpatriotar, og skal leggje alt til rette for ei super oppleving for alle tilreisande.
Eid IL Handball sertifisert i Klubbhuset nivå 1!
Eid IL Handball har oppnådd sertifisering i Klubbhuset nivå 1, eit viktig steg i arbeidet for å utvikle klubben vidare. Dette markerer at vi har lagt eit solid fundament for organisering, drift og utvikling av klubben vår.
Kva betyr denne sertifiseringa?
Klubbhuset er Norges Håndballforbund sitt utviklingsverktøy for idrettslag, og nivå 1 fokuserer på gode rutinar, struktur og klubbdrift.
Gjennom dette arbeidet har vi:
✅ Styrka organiseringa og leiinga av klubben
✅ Etablert klare retningslinjer for drift og aktivitet
✅ Sikra ein god og inkluderande klubbkultur

Eit viktig steg for framtida
Sertifiseringa er ikkje berre eit bevis på at vi har god struktur i klubben – det er også ein del av vår satsing på å skape eit trygt, utviklande og engasjerande miljø for spelarar, trenarar, frivillige og støttespelarar.
Her er nokre bilete av hanballgruppa








Gullsponsor

Sparebank 1 Sogn Og Fjordane
Sølvsponsorar

Alti Nordfjord

Hamna
