Medlemskap

MEDLEMSKONTIGENT EID IL
Medlemskontingenten er inngangsbillett til Eid IL sine aktivitetar, forsikringar og klubbrabatter.
Medlemskontingenten følger kalenderåret (1. januar - 31. desember). Ny medlemsavgift for nytt kalenderår blir sendt ut i januar.
Alle som deltek på aktivitetar organisert av Eid IL sine særidrettsgrupper (styret, trenarar, lagleiarar og spelarar), skal vere betalande medlemmar i Eid IL hovudlaget for å representere klubben.
Det er Norges Idrettsforbund (NIF) som krev at alle idrettslag frå 01.01.2014 skal ha eit elektronisk medlemsregister, og at alle skal vere betalande medlemmar. Forskrifta og NIF-lova finn ein på www.lovdata.no.
Medlemskap gjev stemmerett på årsmøter i Eid IL for vaksne medlemmar.
Kontingentsatsane for 2023 er:
Familiemedlemskap kr. 450.-(for føresette og barn til og med det året barnet fyller 18)
Enkeltmedlem vaksen kr. 250.- (frå det året ein fyller 19)
Enkeltmedlem born 0-10 år kr. 50.- (til og med det året barnet fyller 10)
Enkeltmedlem born 10-18 år kr. 100.- (til og med det året ein fyller 18)
Støttemedlemskap 100,- pr år
Satsane for medlemskontigent er vedtatt på årsmøtet i Eid Idrettslag.
Betaling

Betaling gjer ein med betalingskort via “Min Idrett” (www.minidrett.no), eller på vedlagt KID-giro. Vi tilrår at du brukar “Min Idrett”, då det er her ein kan printe ut gyldig medlemskort rett etter betaling (under arkfana “medlemsskap”).

NB! Får du problem med innlogging ta kontakt med NIF.no eller direkte med oss på epost
medlem@eid-idrettslag.no